Blindheimscupen er i gang

Kamper i tre haller!

Den største barne- og ungdomsturneringa i Noreg er i gang! Klokka ni vart Blindheimscupen serva i gang i Blindheimshallen, Borgundhallen og Fagerlihallen. 91 lag frå heile Noreg deltar i den tradisjonsrike turneringa, og eit stort dugnadsapparat er i sving for å gjennomføre turnerringa. Eg er viss på at BIL Volley igjen klarer å gjennomføre arrangementet på ein god måte, og sørge for mykje idrettsglede for barn og ungdom.

Blindheim stiller med 30 lag i turneringa. Kjekt er det at heile 24 Blindheim- lag stiller i klassane for Mini/U13. Det gror godt i klubben, og det kjem til å bli mange gode og spanande minivolley-kampar i helga! Blindheim stiller også eit lag i GU15, som ser fram til å møte andre lag enn dei møter til vanleg. Dette er noko av det kjekkaste med BILCUP, at det er med så mange andre lag. I JU15 stiller Blindheim to lag. Nokre av spelarane som var med på å kome på 4.plass i NM skal spele JU17, men BIL vil nok slå godt frå seg likevel!

I JU17 stiller Blindheim to lag. Jentene er nok revansjelystne etter at dei ikkje kvalifiserte seg til NM, og no skal dei få måle seg mot nokre av laga som var med i NM. Det kjem til å verte spanande å følge med dei! I GU17 stiller ikkje Blindheim eige lag, men GU19-laget har fått lov å vere med på dei innleiande rundane i GU17. Desse gutane, som nyleg rykka opp til 1.divisjon, vil ikkje få tellande resultat sidan dei er overårige spelarar, og skal no nytte BILCUP til å ha det gøy saman som lag.

Kampane spelast i Blindheimshallen, Borgundhallen og Fagerlihallen, og du er hjarteleg velkomen til å ta ein tur innom hallen. Om du ikkje har moglegheit kan du følge resultata på denne nettsida etter kvart som dei kjem inn: http://www.profixio.com/matches/bilcup_2015/

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift