Finaletap for ungt Blindheimlag

Severin Juliebø (Arkivbilete)

I helga starta Møre Tour i sandvolleyball. For Jørgen Grongstad og Severin Juliebø (begge 16) vart turneringa ein opptur, og eit framhald på den gode sesongopninga. Duoen, som vann opningsturneringa i Blindheim Beach Tour, overraska fleire med å kome til finala i turneringa i helga.

Allereie i puljespelet viste Grongstad/Juliebø at dei meina alvor, då dei møtte rutinerte Førde/Løkhaug frå Molde. Etter ein jamn kamp tapte Grongstad/Juliebø 1-2, men fekk absolutt troa på eigen kapasitet. For i semifinalen vart dei førsteseeda førehandsfavorittane Aaland/Husø slått med 2-1 (16-14 i avgjerande sett). Med dette var det unge laget klare for finale, der Førde/Løkhaug igjen sto som motstandar. Etter eit spanande førstesett som Grongstad/Juliebø tapte med 20-22 var andresettet jamnt fram til 12-12. Då rykka det rutinerte Molde-laget frå, og viste kven som (framleis) er best. Settsiffera her vart klare 21-15.

Severin Juliebø seier til Sunnmørsposten tysdag at det var utruleg gøy å vere med i turneringa. Han fortel vidare at han og makker Grongstad diverre vart ganske slitne mot slutten av dagen, og dermed ikkje klarte å ta ut maks mot slutten av finala. Severin kan også røpe at målsetnaden for årets sesong er medalje samanlagt i Møre Tour. Neste steg mot det målet kan nås allereie komande søndag, når det spelast turnering i Molde. Grongstad/Juliebø er på nytt påmeldt, og du kan også melde deg på på moretour.no

Også andre Blindheimspelarar deltok i turneringa. Dei fekk følgande resultat:
Petter Aaland: 3.plass saman med Torstein Husø.
Vegard Buset: 4.plass saman med Tore Wien.
David Eidså: 5.plass saman med Marko Matic
Heljar Kjerstad: 6.plass saman med Per Eivind Vågnes

Gabrielle Hustadnes: 3.plass saman med Katrin Sperre
Marte Buset og Jenny Juliebø: 4.plass.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift