Landslagskaptein på plass under Blindheim Beach Tour 7

 

 Landslagskaptein Kåre Morken. Foto: Nyborg volleyballklubb

 

 

 

Den sjuande turneringa i årets Blindheim Beach Tour for gutar/herrer vart spelt denne helga. Nivået har vore jamnt høgt i heile sommar, og denne helga var det kanskje enno høgare. Det store trekkplasteret til turneringa i helga var den høgreiste bergensaren Kåre Morken. Morken spelar til dagleg i eliteserien for Nyborg VBK, og er kaptein for det norske seniorlandslaget innendørs. Det var med andre ord ein av dei desidert beste volleyballspelarane i Noreg som tok turen til Fagerlia i helga.

 

Saman med sin makker for helga, Petter Aaland, vann Morken ikkje uventa turneringa. Ein ganske komfortabel finalesiger gjorde at dei vann alle kampane utan å tape eit einaste sett. I «kampen om andreplassen» bak sigerherrane vart det jamnt. Til slutt var det det yngste laget som trekte det lengste strået, då regionsmestrane frå sist helg, Fredrik Mork og Jørgen Grongstad, kapra sølvmedaljene. Tredjeplassen gjekk også til eit rimeleg ungt lag frå Blindheim, Lars Martin Sandanger og Jon Magnus Moen, medan fjerdeplassen gjekk til seniorlaget Harald Roaldsnes og David Eidså frå Vigra/Blindheim.

 

Med tanke på samanlagtsigeren i Blindheim Beach Tour, er det til no daudt løp mellom Petter Aaland og Jon Magnus Moen, begge med 380 poeng. Med ytterlegare fire spelarar innanfor rekkevidde av sigeren vil vi gå ei dramatisk avslutning i møte før fasiten ligg på bordet etter finalen den 17.august.

 

Arkiv-bilete : Samanlagtleiar Petter Aaland. Foto: Vegard Buset

Arkivbilde: Samanlagtleiar Jon Magnus Moen. Foto: Bjørn Hjembo

 

 

 

Skrevet av

Vegard Buset

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift