G96 takkar for seg

Laget som alltid overraskar

Gjennom fire år og tre NM har G96 overraska gong på gong. Tre fjerdeplassar av tre moglege er resultatet laget står att med. Her kjem nokre refleksjonar og ei oppsummering frå NM i Tønsberg i helga. 

Eg hugsar NM U16 i 2012. Vi var sisteseeda til NM, kvalifisert som «påfyll» fordi Verdal hadde trukke laget. I første kamp skulle vi møte det førsteseeda laget, Rossvoll. Det enda med ein rimeleg trygg 2-0siger. Etter kampen ytra trenaren til Flint, som hadde sett kampen, ein famøs utsegn: «Blindheim slo Rossvoll. Det må være noe galt med den rankingen.»

Sidan den gong har vi overraska mange fleire. Vi har vunne mot fleire betre rangerte lag. Vi har blitt nummer fire i alle NM for aldersklassa. Vi har vore ein del av norgestoppen i vår aldersklasse. Alltid. Aldri har NM-semfinalar for 96-årgangen vorte spelt utan at Blindheim var med i ei av dei. Aldri. Vi er laget som ALLTID overraskar.

Når det gjeld overraskingar, står årets gruppespel fram som eit utruleg spesielt eitt. Nyborg, som ikkje har deltatt i denne aldersklassa før, overraska mange. Dei slo oss 2-1. Dei slo Førde 2-1. Vegen mot puljesiger låg open. Så tapte dei 0-2 mot sisteseeda Asker. Gruppa levde igjen, alt var mogleg. Vi reiste oss frå tapet mot Nyborg, og slo Førde 2-0. Betring i prestasjonar, og sjølvtilliten var tilbake. Men gruppa, den var kaos.

Vi skulle møte Asker i siste kamp. Vann vi kampen ville vi vinne gruppa og Asker ryke ut. Tapte vi 0-2 ville vi ryke ut og Asker vinne gruppa. Tapte vi 1-2 ville Førde ryke ut. Absolutt alt kunne skje. Sett bort frå at det kunne det ikkje. Vi spelte ein god kamp og vann komfortabelt 2-0. Etter ein kaotisk dag hadde vi vunne gruppa. Vi var direkte kvalifisert for kvartfinala, der vi skulle møte ein puljetoar.

Kvartfinala er oftast den viktigaste kampen i eit NM. Vinn du kvartfinala, så spelar du om medaljar på søndagen. Tapar du kvartfinala, er du ute. Om du blir nummer 5 eller 8 er ofte knakande irrelevant. Kvartfinala er kampen det er surast å tape. 96-årgangen vår har aldri tapt ei. Det har 97-årgangen, og for å seie det sånn, dei ynskjer ikkje å gjere det igjen. I år skulle vi møte Rossvoll.

Kampen starta jamnt og nervøst. Omtrent midtvegs fekk vi ei lita luke. Så, det komplette kaos. I det vi leia 16-13 oppdaga sekretær ein feil ved kampskjema. Andredommar mistolka skjemaet, og vi fekk poengtrekk for feil oppstilling. Eg treng sjølvsagt ikkje seie at oppstillinga vår var korrekt. Vi har aldri stått feil før, og er ikkje dumme nok til å gjere det i ein så viktig kamp. Uansett opna poengstraffa kampen igjen. Vi var sinte no. Men vi spelte godt. Godt nok til å vinne settet 25-23. 1-0 for Blindheim. Men det var lenge igjen.

Andresettet starta håpløst. Vi havna under 1-9. Men vi ga ikkje opp. Vi vann ballen, og vi byrja å serve. 3-9. 4-9. 5-9. 6-9. 7-9. 8-9. 9-9. 10-9. 11-9. 12-9. Så fort kan ein volleyballkamp snu. Ei serverekke med eit par ess. Godt forvarsspel og bra uttelling i angrep. Og sjølvsagt ein del feil frå motstandaren. For Rossvoll var nervøse no. Diverre. For dei er eit godt lag, og dei spelte godt fram til dette. Men no kom nervane krypande. Og det har ein ikkje råd til i ein kvartfinale. For det vil motstandaren utnytte, noko vi gjorde. Til slutt vann vi med relativt klar margin. Vi hadde overraska igjen. Blindheim G96 var igjen i semifinala.

Vi har aldri kome til finala. Første gong vi spelte semifinale vart vi knust av Dristug. Andre gong var det Austrått som knuste oss. I år skulle vi gjere eit nytt forsøk. Motstandar var Austrått denne gongen også. Det byrja greitt. Starten var overraskande jamn, det var om lag 14-14 i første sett. Så var det slutt. Heilt slutt. Vi fekk ikkje til noko. Vi vart utspelt. Vi tapte. Stort. Austrått gjekk til finala, vi gjekk til bronsefinala. Igjen. Kvifor? Dei var betre enn oss. Igjen.

I bronsefinala skulle vi møte Dristug. To gongar før har vi spelt bronsefinale. Begge gongar har vi tapt tie-breaket. Det skulle vi ikkje gjere i år. For i år tapte vi 0-2. Likevel sit eg med ein kjensle av å aldri ha vore nærare å vinne ei medalje. Det vart 23-25 i begge setta. Bronsefinala var ein god kamp. Ein ekstremt jamn kamp mot eit lag med tre juniorlandslagsspelarar. Eit surt tap mot eit lag med tre juniorlandslagsspelarar. Ein ny fjerdeplass. Vi hadde overraska alle, men vi var skuffa. Igjen.

Det å stå att med tre fjerdeplassar set i gong eit variert kjensleregister. Vi er stolte, fordi vi alltid overraskar. Fordi vi alltid har kome til semifinala. Fordi vi spelar godt saman, som eit Lag. Vi er skuffa, fordi vi ikkje har vunne medalje. Fordi vi har vore så nære. Fordi ein ikkje har fjerdeplass som målsetnad.

Vi har vorte for gamle no. 96-årgangen skal aldri overraske i junior-NM igjen. Men vi vil hugse opplevingane, resultata og lagkameratane. Vi vil vere ekstremt takksame ovanfor trenarar og støtteapparat i BIL. Vi vil vere takksame ovanfor motstandarane, for så mange spanande og morosame kampar. Dristug, Austrått, Volda, Førde, Tromsø, Rossvoll, Koll, Oslo, Asker, Flint og dei andre laga vi har møtt. Utan motstandarane våre hadde vi aldri fått så mange gode NM-opplevingar som det vi har fått. Utan desse klubbane ville det ikkje eksistert noko junior-NM å overraske i.

Vi takkar for vår tid som juniorlag i Blindheim IL. Men vi kjem nok til å spele fleire kampar. Og akkurat det vil nok ikkje overraske nokon!

Vegard Gjerde Buset

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift