Jentefotballdag !

Blindheim IL Fotball er som første klubb med i fotballkretsen sitt prosjekt "Alle jenter på bana" .
Tirsdag 12.mai vil vi samle alle jenter som spelar fotball i Blindheim IL Fotball til ein fotballkveld med jentefotballen i fokus !
Alle jentelaga i klubben frå 6-19 år skal delta, samstundes ynskjer vi å ta imot nye jenter som har lyst å prøve ut kor fantastisk kjekt det er med fotball !

Program :
Kl.17.30-17.45 : Informasjon og inndeling i grupper.      
Kl.17.45-18.45 : Fotballspel under leiing av J19 og J16 spelarane i klubben.
Kl.18.45-19.00 : Felles bilde av alle jentene – Mulighet for å ta lagbilde.                              
Kl.19.00-20.00 : Felles samling inne i storsalen på klubbhuset. Her blir det blant anna :
- Servering av frukt og saft.      - Fortunaspelar og Blindheimsjente Stine Reite kjem.
- Utdeling av ei T-skjorte med logoen «Alle jenter på bana».     - Andre spennande innslag og info.

«Bring a friend» !
Blindheim Fotball vi gjerne ha med endå fleire jenter i klubben. Difor : Alle som tek med seg ei vennine som ikkje har spelt fotball før, eller som har slutta men kansje vil prøve seg igjen, vil få ein liten premie frå klubben og vere med i trekninga av 3 gåvekort frå Rognve Sport på ein verdi av 1000,- !

Så kom igjen alle saman, bring a friend ! :)

Har du aldri spelt fotball før men har lyst å prøve deg ?
Då er du hjarteleg velkommen på denne dagen for å prøve deg og få meir informasjon om klubben. 

Dette blir kjekt og vi ser fram til ein kveld der jentefotballen står i fokus !



 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift