Mykje aktivitet i helga

Komande helg skal heile 24 lag frå Blindheim Volley i aksjon .I tillegg skal Fredrik Mork saman med U19-landslaget spele EM-kvalifisering i Tyskland.

Eliteserielaget for damer arbeidar mot sin første siger for sesongen. I helga skal dei sørover, og møter både Førde og Nyborg. Førde er motstandar på laurdag, medan bergenslaget Nyborg står på motsett banehalvdel søndag. Førde vann ganske klart 3-0 i Blindheimshallen tidlegare i år, men vona om revansj lever i beste velgåande. Nyborg er nyopprykka til eliteserien og nestjumbo ved halvspelt serie, så det finst moglegheiter også søndag, sjølv om Blindheim ikkje er favorittar i nokre av kampane.

Blindheim 3 skal spele turnering for 3.divisjon damer på laurdag. Dei reiser til Fræna for den tredje rankingturneringa i år, og skal der møte Fræna 2, Molde og Ålesund.

Laurdag er det også turnering for U15-klassen i Molde. Blindheim stiller med lag både for gutar og jenter.

Søndag er det U17-klassen som skal til pers på Fræna. Blindheim stiller her to jentelag og eitt gutelag. Det ligg an til å verte ein spanande dag.

I miniklassa stiller Blindheim med heile 17 lag under turneringa i Molde på søndag. Dette er halvparten av laga som deltek i turneringa. 

Fredrik Mork er ein av heile fire sunnmøringar i landslagstroppen for U19. Dei skal no freiste å kvalifisere seg til EM-sluttspelet som avviklast seinare i vår. For å kome seg dit må det norske landslaget vinne kvalifiseringa i Tyskland i helga, eller verte nummer 2 i gruppa og eventuelt «snike seg inn bakvegen» gjennom å ende som ein dei beste toarane. Motstandarar i kvalifiseringsgruppa er utanom vertslandet Tyskland også Israel og Belgia. Den første norske kampen spelast fredag kveld klokka 21.00, og det er Tyskland som er motstandar.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift