Berre nesten for gutelaget under NM

Fem Blindheimspelarar på laget

I helga arrangerte Blindheim Volleyball noregsmeisterskapen for vidaregåande skular. Arrangementet vart særs vellukka, med nesten 60 lag frå heile landet. Ålesund vidaregående skule, med fire spelarar frå herrelaget, vann bronse i mixklassen. Spjelkavik VGS hadde med fem spelarar frå herrelaget, og spelte også godt i uvante posisjonar. Ei oppsummering av NM for Spjelkavik VGS kjem under. Snart vil det også kome ein sak om mixlaget til Ålesund!

Berre nesten for gutelaget under NM

Skulelaget i volleyball vart nummer 8 under NM i helga. Likevel er eg overtydd om at Spjelkavik var det nest beste laget i meisterskapen, og at vi var nærare gullmedaljane enn nokon hadde trudd på førehand.

I innleiande spel starta vi med ein klar 2-0siger mot Sunnfjord folkehøgskule, som til slutt vann bronsemedalje. Vi heldt så fram med å vinne greitt 2-0 mot Sagavoll folkehøgskule, og vann dermed gruppa vår. Eg er imponert over spelet vårt i innleiande spel, ettersom begge desse skulane har eigne volleyballinjer.

Laurdag møtte vi Tertnes i åttandedelsfinale, og vann relativt greitt 2-0, sjølv om andresettet lenge var jamnt. Kvartfinaleoppsettet ga oss diverre Hafstad vidaregåande skule frå Førde. Hafstad har eige toppidrettstilbod i volleyball, og flesteparten av spelarane på laget deira spelar fast i 1.divisjon, medan nokre av dei har prøvd seg på elitenivå. Dermed var det ingen som forventa særleg av oss i forkant av kvartfinalen. Vi hadde likevel lagt ein kampplan, og ynskja å gje dei knallhard kamp,

Og knallhard kamp vart det. Gjennom tre tette og tøffe sett måtte vi til slutt sjå oss slått 1-2 (25-22, 20-25, 15-17) etter å ha misbrukt ikkje mindre enn tre matchballar. Kampen var ei flott oppleving med eit høgt trykk frå tribuna, og eg er særs stolt over kor godt laget presterte. Alt vi har arbeidd for gjennom heile året kom til uttrykk i denne kampen, og vi var eit einaste poeng unna å vinne kampen. Eit einaste poeng. Utruleg surt å ryke ut etter ein så jamn kamp, men som sagt er eg ekstremt godt nøgd med korleis laget presterte både i kvartfinalen og tidlegare.

I dei to siste kampane spelte vi for halv maskin, mista nøkkelspelaren Lars Martin med skade, og forandra på laget. Det enda med to tap, men heilt ærleg trur eg få av oss brydde seg særleg om det. Vi var så ufatteleg nære ved å kvalifisere oss til semifinalen, og vi var dei einaste som var i nærleiken av Hafstad. Hafstad gjekk gjennom heile resten av turneringa utan å vere i nærleiken av å tape sett. Eg ser ikkje på det som ei underdriving om eg påstår at finala eigentleg vart spelt på laurdag, og at ho vart spelt mellom Spjelkavik og Hafstad.

Vi takkar alle som møtte opp i hallane for å støtte oss, vi takkar Blindheim Volleyball og Spjelkavik vidaregåande skule som arrangørar, og vi takkar skulen med Olav i spissen for all støtte i forkant av meisterskapen!

Om få år vil ingen hugse at vi vart nummer åtte. Eg trur imidlertid at dei fleste av oss vil hugse kor godt vi spelte saman, det samspelet vi fekk til, den idrettsgleda som kom til uttrykk i kampane våre, og ikkje minst kor nære vi var ved å slå det beste laget i turneringa!

Vegard Gjerde Buset
2STA

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift